The Bible Software
bible.software › Hosea › Hosea 1 › Hosea 1:10

Hosea 1:10

Men talet på Israels born skal vera som sanden på havsens strand, den som ikkje kann mælast eller teljast. Og det skal verta so, at der ein fyrr sagde til deim: «De er ikkje mitt folk,» der skal ein segja til deim: «Borni åt den livande Gud.»

Studentmållagsbibelen frå 1921

In The King James Version

Yet the number of the children of Israel shall be as the sand of the sea, which cannot be measured nor numbered; and it shall come to pass, that in the place where it was said unto them, Ye are not my people, there it shall be said unto them, Ye are the sons of the living God.

In Context

9Då sagde han: «Lat honom heita Lo-Ammi! For de er ikkje mitt folk, ikkje heller skal eg høyra dykk til.»

11Og Juda-borni og Israels-borni skal fylkja seg saman og velja seg ein konge og fara upp or landet. For stor er Jizre’els dag.

Read all of Hosea 1

Cross References

Genesis 13:16Og eg vil lata ætti di verta som dusti på jordi: kann nokon telja dusti på jordi, so kann dei og telja di ætt.

Genesis 32:12Du hev då sjølv sagt: «Eg skal allstødt gjera vel imot deg og lata ætti di verta som havsens sand, som det ikkje er tal på.»»

Isaiah 43:6Eg segjer til nordheimen: «Kom med deim!» Og til sudheimen: «Haldt deim’kje att! Kom med sønerne mine langt burtanfrå og døtterne mine frå verdsens ende,

Isaiah 49:17Sønerne dine skundar seg hit, dei som braut deg i grus, fer burt frå deg.

Isaiah 60:4Lyft augo upp, og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle, dei kjem til deg. Dine søner kjem langt burtanfrå, dine døtter vert borne på armen.

Jeremiah 33:22Liksom himmelheren ikkje let seg telja, og sanden i havet ikkje let seg mæla, soleis vil eg gjera min tenar Davids ætt til ei ovmengd, og likeins levitarne som tener meg.

This Verse In Other Editions

King James VersionBíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)Библия (Русский)新标点和合本성경 (한국어)الكتاب المقدس باللغة العربية، فان دايكBibbia Diodati (Italiano)Kinh Thánh (Tiếng Việt)Biblia Cornilescu (Română)Polish Biblia Gdanska (1881)Statenvertaling (Nederlands)

Study Hosea 1:10

Matthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)
← Hosea 1:9Hosea 1Hosea 1:11 →