Hosea 1:11
Og Juda-borni og Israels-borni skal fylkja seg saman og velja seg ein konge og fara upp or landet. For stor er Jizre’els dag.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 110:3Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg som dogg or fanget på morgonroden.
Jeremiah 3:18I dei dagarne skal Juda-huset ganga til Israelshuset, og dei skal koma saman frå Norderlandet til det landet som eg gav federne dykkar til odel.
Jeremiah 30:3For sjå, dagar skal koma, segjer Herren, då eg endar utlægdi åt folket mitt, Israel og Juda, og let deim koma heim att til det landet som eg gav federne deira, so dei kann taka det til eign.
Jeremiah 31:33Men dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil leggja lovi mi inni deim, og skriva henne i hjarta deira, og eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
Jeremiah 50:19Og eg vil snu Israel attende til hans beitemark, og han skal ganga og beita på Karmel og i Basan; og på Efraimsfjelli og i Gilead skal han få eta sitt nøgje.
Ezekiel 34:23Og eg vil reisa upp ein einaste hyrding yver deim, og han skal gjæta deim, min tenar David. Han skal gjæta deim, og han skal vera deira hyrding.