Hosea 8:5
Ufyseleg er kalven din, Samaria! Harmen min logar imot deim. Kor lenge skal det vara at dei ikkje kann tola reinleik?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 32:22For ein eld er kveikt av min ande, og logar til djupt under jord; han øyder grunnen og grøda og fatar i fastaste fjell.
2 Kings 17:21Han hadde rive Israel laus frå Davids hus; dei tok Jerobeam Nebatsson til konge; og Jeroboam fekk Israel til å falle frå Herren og forførde deim til stor synd;
Proverbs 1:22«Kor lenge vil de fåkunnige elska fåkunna, og kor lenge vil spottarar ha hug til spott, og dårar hata kunnskap?
Jeremiah 4:14Två vondskapen av ditt hjarta, Jerusalem, so du kann verta frelst. Kor lenge skal dine synduge tankar bu i ditt brjost?
Hosea 8:6For frå Israel er kalven komen. Ein meister hev laga honom, og nokon gud er han ikkje. Difor skal Samariakalven smuldrast i smått.
Hosea 10:8Øydast skal Avens offerhaugar, Israels synd. Torn og tistel skal renna upp på altari deira. Og dei skal segja til fjelli: «Gøym oss!» og til haugarne: «Velt dykk yver oss!»