Hosea 8:6
For frå Israel er kalven komen. Ein meister hev laga honom, og nokon gud er han ikkje. Difor skal Samariakalven smuldrast i smått.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 23:19Dessutan rudde Josia burt alle hauga-husi i Samaria-byarne, som Israels-kongarne hadde bygt til harm for Herren; og han for med deim i alle måtar sameleis som i Betel.
2 Chronicles 31:1Då dei no alt dette var slutt, drog alle dei israelitarne som var til stades ut til byarne i Juda og braut sund minnesteinarne, hogg ned Astarte-bilæti og reiv ned offerhaugarne og altari i heile Juda og Benjamin, og i Efraim og Manasse, til dei reint hadde gjort ende på deim. Og so snudde alle Israels-sønerne heim att, kvar til sin eigedom i byarne sine.
Psalms 106:19Dei gjorde ein kalv ved Horeb og tilbad eit støypt bilæte,
Psalms 135:15Heidninge-avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender.
Jeremiah 10:3For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd; for dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi,
Jeremiah 10:14Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt bilæte; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, det er ingi ånd i deim.