Hosea 9:1
Gled deg ikkje, Israel, med fagnad liksom folki, av di du hev drive på med hor og dermed kome burt ifrå din Gud, du som hev havt din hugnad i skjøkjeløn på alle korn-treskjarstader.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Treskjestaden og vinpersa skal ikkje kunna næra deim, og druvesafti skal mislukkast for deim.
Cross References
Isaiah 22:12Herren, Allhers-Herren, kalla på den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa seg i syrgjeklæde.
Jeremiah 2:20For alt longe sidan braut du sund ditt ok, sleit sund dine band og sagde: «Eg vil ikkje tena.» For på kvar ein høg haug og under kvart eit grønt tre lagde du deg ned og dreiv hor.
Lamentations 4:21Fagna og gled deg, du Edoms dotter, du som bur i Us-landet! Du og skal drikka same skåli, du skal verta drukki og nækja deg.
Ezekiel 16:30Å, kor hjarta ditt brann av gir! - segjer Herren, Herren - at du kunde gjera alt dette, og fara åt som den skamlausaste skjøkja
Ezekiel 20:32Og det som leikar dykk i hugen, skal ikkje henda - når de segjer: «Me vil vera som heidningfolki, som hitt folket i landi; me vil tena tre og stein.»
Hosea 2:12Eg skal øyda vintrei og fiketrei hennar, som ho sagde um: «Dei er meg ei løn som elskarane mine gav meg.» Og eg skal gjera deim til villkjør som villdyri skal eta av.