Isaiah 14:25
Eg vil krasa Assur i landet mitt og trakka honom under fot på fjelli mine. So skal oket hans verta burtteke, og byrdi hans lyft av herdarne deira.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 32:21Og Herren sende ein engel som øydde ut alle stridsmennerne, fyrstarne og hovdingarne i lægret åt assyrarkongen, so han laut snu heim att til landet sitt med spott og spe. Og då han gjekk inn i huset åt guden sin, var det nokre av hans eige avkjøme som hogg honom ned med sverd.
Isaiah 10:12Men når Herren hev fullført alt sitt verk på Sionsfjellet og i Jerusalem, skal eg heimsøkja assyrarkongen for hans hjartans ovmodsfrukt og for hans høglyfte, stolte augo.
Isaiah 10:24Difor segjer Herren, Allhers-Herren, so: Folket mitt, du som bur på Sion, ottast ikkje Assur, når han slær deg med ris og lyfter staven sin imot deg, soleis som dei gjorde i Egyptarland!
Isaiah 10:32Endå same dagen stend han i Nob, han lyfter handi mot fjellet åt dotteri Sion, mot Jerusalems-haugen.
Isaiah 17:12Høyr brusen av mange folk! det bruser som havet bruser. Høyr dynen av folkeslag, det dyn som velduge vatn.
Isaiah 31:8Og Assur skal falla for eit sverd som ikkje høyrer ein mann til, og eit sverd som ikkje høyrer eit menneskje til, skal øyda honom, og han skal røma for sverdet, og hans unge menner skal verta trælar.