Isaiah 25:2
For du hev gjort ein by til ei steinrøys, ein fast by til ein grusdunge, framande slott, so dei ikkje meir er ein by. Aldri meir skal dei verta uppbygde.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Difor skal eit vilt folk æra deg, den illharde heidningbyen ottast deg.
Cross References
Deuteronomy 13:16Alt herfanget du tek der, skal du samla i hop midt på torget, og brenna upp både det og byen til eit heiloffer åt Herren, din Gud, og sidan skal byen i all æva vera ein grushaug, og må aldri byggjast upp att.
Isaiah 13:21Men villdyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strutsar skal bu der, og raggetroll hoppa ikring.
Isaiah 14:23Eg gjer det til heim for bustyvelen, og vil fylla det med søkkjemyrar, eg skal sopa det burt med tynings-sopa, segjer Herren, allhers drott.
Isaiah 17:3Og det skal vera slutt med borgi i Efraim og med kongedømet i Damaskus, med leivningen av Syria. Det skal ganga med deim som med herlegdomen åt Israels-borni, segjer Herren, allhers drott.
Isaiah 23:13Sjå landet åt kaldæarane, eit folk som ikkje var til, Assur gjorde grenderne deira til bustad for villdyri. Dei reiser no upp hertårni sine, dei riv ned slotti i byen og gjer honom til ein grushaug.
Isaiah 25:12Og dei høgmura borgerne dine skal han riva ned, grunnsturta, jamna med jordi so dei ligg i dusti.»