Isaiah 45:21
Forkynn og seg frå! Ja, lat deim berre samrådast! Kven hev kunngjort slikt frå fordom, meldt det for lenge sidan? Tru det ikkje er eg, Herren? Og utan meg er det ingen Gud. Ein rettferdig og frelsande Gud finst ikkje utanum meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
22Vend dykk til meg, lat dykk frelsa, alle utbygder av jordi! For eg er Gud, og ingen annan.
Cross References
Psalms 71:17Gud, du hev lært meg upp alt frå ungdomen, og til dessa kunngjer eg dine undergjerningar.
Isaiah 41:1Høyr stilt på meg, de strender, lat folki få seg ny kraft! Lat deim so koma hit og tala! Til doms me fylgjast åt.
Isaiah 41:26Kven hev frå fyrst det kunngjort so me skyna det, frå fyrste stund so me kann segja: «Han fekk rett?» Nei, ingen hev det meldt, og ingen hev sagt frå, og ingen høyrde at de ymta noko.
Isaiah 43:9Lat alle folki samla seg og alle folkeslag møta. Kven av deim kann forkynna slikt? Lat deim melda kva dei fyrr hev spått. Lat deim møta med vitne og få rett, lat deim høyra og segja: «Det er sant!»
Isaiah 44:7Kven forkynte jamt og samt som eg - lat han melda og leggja det fram for meg! - frå den tid eg skapte fornalder-folket? Og lat deim melda det som i framtidi kjem!
Isaiah 45:14So segjer Herren: «Rikdomen frå Egypt og vinningi frå Ætiopia, og Saba-mennerne, røslege karar, skal koma til deg og høyra til deg; dei skal fylgja deg og ganga i lekkjor; for deg skal dei kasta seg ned, til deg skal dei venda si bøn: Berre hjå deg er Gud og elles ingen, ingen Gud.»