Isaiah 58:12
Og dine søner skal byggja gamle grushaugar upp att, du skal reisa upp tufter som lenge låg i øyde, og dei skal kalla deg «Murbrot-bøtar», «vegnybyggjar til busetjing».
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Nehemiah 2:17Men no sagde eg til deim: «De ser sjølve kor ille me er stelte. Jerusalem ligg i øyde, portarne er uppbrende. Kom, lat oss byggja upp att muren kring Jerusalem, so me ikkje skal hava den skammi på oss lenger.»
Nehemiah 6:1Då no Sanballat og Tobia og arabaren Gesem og dei hine fiendarne våre fekk spurt at eg hadde bygt upp muren, og at det ikkje fanst nokon rivna att i honom - endå hadde eg ikkje sett inn dører i portarne -
Isaiah 49:8So segjer Herren: I nådestundi eg bønhøyrer deg, og på frelsedagen hjelper eg deg, og eg varar deg og gjer deg til folkepakt, til å attreisa landet og utskifta øydelagd odelsgrunn.
Isaiah 52:9Set alle i med jubelrop, de grushaugar i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk, løyser ut Jerusalem.
Jeremiah 31:38Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då byen skal verta bygd åt Herren frå Hananeltårnet alt til Hyrneporten,
Ezekiel 36:8Men de, Israelsfjell, skal skjota dykkar greiner og bera dykkar frukt åt mitt folk Israel; for snart skal dei koma heim att.