Isaiah 6:13
Og finst det endå att ein tiandepart, so skal den og øydast ut liksom ei terebinta eller ei eik, som berre rotstuven er att av, når dei vert nedhogne. Denne stuven skal vera eit heilagt sæde.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12til dess Herren hev sendt folket langt burt, og øydestaderne hev vorte mange i landet.
Cross References
Genesis 22:18og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast, for di du lydde etter ordi mine.»
Ezra 9:2For dei hev teke døtterne deira til konor både åt seg sjølve og åt sønerne sine. På den måten hev det heilage sædet blanda seg med folki i landet, og hovdingarne og formennerne hev vore dei fyrste til å fara med utruskap i dette stykket.»
Job 14:7For treet er det endå von; um det vert det hogge, sprett det att, på renningar det vantar ikkje.
Isaiah 4:3Og det skal vera soleis, at den som er att i Sion og etterleivd i Jerusalem, han skal kallast heilag, kvar og ein som er innskriven til liv i Jerusalem -
Isaiah 10:22For um so ditt folk, Israel, var som sanden ved havet, so skal berre ein leivning av det venda um. Undergang er fastsett, og fløymer fram med rettferd.
Ezekiel 6:8Men nokre vil eg leiva, med di sume av dykk slepp undan sverdet millom folkeslagi, når de vert spreidde kringum i landi.