Isaiah 60:15
Medan du fyrr var forlati og hata, og ingi ferdsla hadde, vil eg gjera deg æveleg gild, til ei gleda frå ætt til ætt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 1:7Ei øydemark er landet dykkar, brandtufter byarne dykkar, årsgrøda et framande upp framfor augo på dykk; alt vert lagt i øyde, soleis som berre framandfolk kann herja.
Isaiah 6:12til dess Herren hev sendt folket langt burt, og øydestaderne hev vorte mange i landet.
Isaiah 35:10Og Herrens frikjøpte skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal røma.»
Isaiah 54:6Då du var ei burtstøytt kvinna med hjartesorg, kalla Herren deg. Kor kann ein forsmå sitt ungdomsviv? Segjer din Gud.
Isaiah 65:18Nei, fegnast og frygdast til æveleg tid for det som eg skaper! For Jerusalem skaper eg um til frygd og folket til fagnad.
Jeremiah 33:11fagnadljod og gledeljod, røyst av brudgom og røyst av brur og røysti av deim som segjer: «Prisa Herren, allhers drott, for Herren er god, for æveleg varar hans miskunn,» slike som ber fram takkoffer i Herrens hus. For eg endar utlægdi for landsens lyd, so han vert som i fyrstningi, segjer Herren.