Jeremias bok 1:14
Då sagde Herren med meg: Frå nord kjem ulukka sendande yver alle som bur i landet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 41:25Frå nord eg vakte honom, og han kom frå auster han som på mitt namn skal kalla, han trakka skal på hovdingar som leir, som pottemakar som trør i leira.
Jeremiah 6:1Fly, de Benjamins-søner, ut or Jerusalem, og blås i herlur i Tekoa, og reis upp eit merke yver Bet-Hakkerem! for ei ulukka trugar nordantil med stor øydeleggjing.
Jeremiah 10:22Høyr, ein ljom! sjå, det kjem, og ein stor dyn frå Norderlandet - for å gjera Juda-byarne til ei audn, til sjakal-bøle.
Jeremiah 31:8Sjå, eg let deim koma frå Norderlandet og samlar deim frå utkantarne av jordi. Ibland deim er blinde og halte, fremmelege kvende og fødande i lag; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.
Jeremiah 50:9For sjå, eg vekkjer upp frå Norderlandet ein skare av store folk og let deim fara mot Babel, og dei skal fylkja seg imot henne; derifrå vert ho teki. Pilerne deira er som frå ei viss-høv kjempa, dei vender ikkje attende med ugjort.
Ezekiel 1:4Og eg såg, og sjå, ei stormflaga kom nordanfrå, ei stor sky og eld som kvervla seg i hop, med eit skin rundt ikring, og ut or honom, midt utor elden, tedde det seg eitkvart nett som sylvblanda gull.