Jeremias bok 12:9
Er odelen min som ein spreklut rovfugl? Rovfugl er det då rundt ikring honom. Gakk av stad, samla alle dyr i skogen, lat deim koma hit og eta!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 24:2Herren sende då imot honom kaldæiske, syriske, moabitiske og ammonitiske røvarflokkar. Han sende deim mot Juda til å øyda landet, etter Herrens ord, som han hadde tala ved tenarane sine, profetarne.
Isaiah 2:12For ein dag hev Herren, allhers drott, sett, som skal koma yver alt det kaute og keike, og yver alt det som ris i veret, so det skal verta lite og lågt.
Jeremiah 2:15Ungløvor bura imot honom, let ljoma si røyst. Og dei gjorde hans land til ei audn, hans byar vart brende, ingen bur der.
Jeremiah 15:3Fire slag heimsøkjingar byd eg då ut imot deg: Sverdet til å drepa, og hundarne til å draga deim burt, og fuglarne under himmelen og dyri på marki til å eta deim og øyda deim.
Ezekiel 23:22Difor, Åhåliba, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg vekkjer upp elskarane dine imot deg, deim som sjæli di hev vendt seg frå, og let deim koma yver deg frå alle stader.
Ezekiel 39:17Og du, menneskjeson! So segjer Herren, Herren: Seg med kvar fljugande fuglen og kvart eit udyr på marki: Samla dykk saman og kom! Sanka dykk frå alle stader til slagtofferet mitt, som eg hev slagta åt dykk, eit stort slagtoffer på Israelsfjelli. Og de skal eta kjøt og drikka blod.