Jeremias bok 14:15
Difor, so segjer Herren um dei profetarne som spår i midt namn, endå eg ikkje hev sendt deim, og som segjer at sverd og svolt ikkje skal koma i dette landet: For sverd og svolt skal dei enda sine dagar, desse profetarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 22:25Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»
Jeremiah 6:15Dei skal standa til skammar; for dei hev gjort skjemdarverk. Men dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell, den tid eg heimsøkjer deim, skal dei snåva, segjer Herren.
Jeremiah 8:13Eg vil gjera av med deim, segjer Herren. Det bid ikkje druvor på vintreet og ikkje fikor på fiketreet, og lauvet er visna. Og eg sender deim slike som skal koma yver deim.
Jeremiah 23:14Men hjå profetarne i Jerusalem hev eg set gruvelege ting; dei driv hor og fer med lygn og styrkjer henderne på illgjerningsmenner, so ingen av deim vender um frå sin vondskap. Dei er alle vortne liksom Sodoma åt meg, og hine ibuarane liksom Gomorra.
Jeremiah 29:20Men høyr no de Herrens ord, alle de burtførde som eg hev sendt frå Jerusalem til Babel!
Ezekiel 13:9Og mi hand skal vera mot dei profetarne som ser fåfengd og fer med ljugar-spåing; i mitt folks råd skal dei ikkje vera, og i boki åt Israels-lyden skal dei ikkje verta skrivne, og til Israels land skal dei ikkje koma; og de skal sanna at eg er Herren, Herren,