Jeremias bok 18:12
Men dei segjer: «Fåfengt! for me vil fylgja våre eigne tankar, og kvar og ein vil gjera etter sitt harde vonde hjarta.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 6:5Og Herren såg at vondskapen var stor hjå manneætti på jordi, og at alt dei tenkte og emna på i hjarto sine, det var berre vondt all dagen.
Deuteronomy 29:19og som tenkjer med seg, når han høyrer ordi i denne pakti: «Eg er like sæl; det gjeng meg like godt, um eg trassar og fer etter min eigen hug!» For slike kjem til å føra ulukka yver bygd og by.
Isaiah 57:10Um du enn vart trøytt på den lange ferdi, so sagde du ikkje: «Eg gjev meg yver!» Du samla atter di kraft, difor vart du ikkje veik.
Jeremiah 2:25Vara foten din so han ikkje vert berr, og strupen din so du ikkje vert tyrst! Men du segjer: «Rådlaust! Nei, for eg elskar framande,» og etter deim vil eg ganga.
Jeremiah 6:17Og eg sette vaktmenner yver dykk og sagde: «Lyd vel etter lurljomen!» Men dei sagde: «Me vil ikkje lyda etter.»
Jeremiah 11:8Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men kvar og ein ferdast etter sitt vonde, harde hjarta. So let eg då koma yver deim alt det eg hadde sagt i denne pakti, som eg baud deim å halda, men som dei ikkje heldt.