Jeremias bok 11:8
Men dei lydde ikkje og lagde ikkje øyra sitt til, men kvar og ein ferdast etter sitt vonde, harde hjarta. So let eg då koma yver deim alt det eg hadde sagt i denne pakti, som eg baud deim å halda, men som dei ikkje heldt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:15Men vil du ikkje høyra på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du’kje alle bodi og loverne hans, deim som eg legg fram for deg i dag, skal det ganga deg so at kvar våbøn eg nemner, skal nå deg og taka deg att:
Deuteronomy 30:17Men vender du hugen din burt, og ikkje vil lyda, og let du deg lokka til å dyrka andre gudar og tena deim,
Deuteronomy 32:20og i sin harm sagde han dette: «Eg skal løyna mitt andlit for deim; eg undrast korleis det vil ganga, undrast kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.
Nehemiah 9:16Men federne våre, dei var kante og hardnakka, og lydde ikkje bodi dine.
Nehemiah 9:29Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda.
Jeremiah 6:16So sagde Herren: Statt på vegarne og sjå etter og spør etter dei gamle stigarne, kvar vegen til det gode er, og ferdast so på den, so skal de finna kvild for sjælerne dykkar. Men dei sagde: «Me vil ikkje ferdast på honom.»