Jeremias bok 19:15
«So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, yver denne byen og yver alle dei byarne som høyrer honom til, let eg koma all den ulukka som eg hev tala imot deim; for dei gjeng der hardnakka og høyrer ikkje mine ord.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 36:16Men dei spotta sendebodi for Gud, hædde ordi hans og svivyrde profetarne hans til dess Herrens harm reiste seg soleis imot folket hans, at det ikkje lenger var nokor botevon.
Nehemiah 9:29Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda.
Jeremiah 7:26Men dei lydde ikkje på meg og lagde ikkje øyra sitt til, men dei var hardnakka og for enn verre fram enn federne deira.
Jeremiah 13:11For likeins som beltet er fastgjort um mannsens lender, soleis feste eg til meg alt Israels hus og alt Judas hus, segjer Herren, so dei skulde vera mitt folk og vera meg til frægd, til fagnad og pryda; men dei høyrde ikkje.
Jeremiah 18:11Seg no då dette til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: So segjer Herren: Sjå, eg emnar på ei ulukka åt dykk og tenkjer ut meinråder mot dykk. Vend då um, kvar og ein frå sin vonde veg, og retta på vegarne dykkar og verki dykkar!
Jeremiah 25:4Og Herren sende til dykk alle tenararne sine, profetarne, jamt og samt, men de vilde ikkje høyra og lagde ikkje øyra til, so de kunde høyra.