Jeremias bok 29:32
difor, so segjer Herren: Sjå, eg heimsøkjer Semaja, nehelamiten, og avkjømet hans; ingen av deim skal få bu millom dette folket, og han skal ikkje få sjå det gode som eg gjer med folket mitt, segjer Herren, for han hev preika fråfall frå Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 20:5Du skal ikkje beda til deim, og ikkje skal du tena deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni åt deim som hatar meg,
Joshua 7:24Og Josva og heile Israel tok Akan, zerahiten, og sylvet og kåpa og gullstongi, og sønerne og døtterne hans, og ukserne og asni og småfeet og tjeldbudi hans og alt det han åtte, og førde det upp i Akordalen.
2 Kings 5:27Spillsykja hans Na’aman skal koma yver deg og ætti di for alle tider.» Og han gjekk ut frå honom, spillsjuk og kvit som snø.
2 Kings 7:19Det var då hermannen svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, vilde sovore vera ugjerande.» Og han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær ikkje eta av det!»
Isaiah 14:20Nei, du fær ikkje vera saman med deim i gravi; for landet ditt hev du øydt og drepe ditt folk, og aldri meir skal nemnast det nidingseldet.
Jeremiah 17:6Han skal verta som ein einekrake i heidi og ikkje få sjå at det kjem noko godt; men han skal bu på avsvidne stader i øydemarki, i eit saltlende der ingen annan bur.