Jeremias bok 32:21
Og du førde ditt folk ut or Egyptarlandet med teikn og med under og med sterk hand og strak arm og med stor fælska.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 6:1Då sagde Herren til Moses: «No skal du sjå, kva eg vil gjera med Farao: Ei sterk hand skal nøyda honom til å sleppa deim, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva deim ut or landet sitt.»
Exodus 13:9Og det skal vera som det var rita i handi di, og som det stod skrive framfor augo dine, so Herrens lov kann vera på munnen din. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egyptarland.
Deuteronomy 4:34eller um nokon gud hev bode til å vilja henta seg eit folk midt ut or eit anna folk, med plågor og teikn og under og ufred, og med fast hand og strak arm og store rædslor, soleis som du såg Herren, din Gud, gjorde med dykk i Egyptarland.
Deuteronomy 26:8Og Herren henta oss ut or Egyptarland med sterk hand og strak arm, og med store og øgjelege under og teikn,
1 Kings 8:42- for dei og kjem til å få høyra um ditt store namn, um di sterke hand og um din strake arm - når han kjem og vender bønerne sine mot dette huset,
Psalms 89:8Ein Gud som er ovskræmeleg i løynderådet til dei heilage, og til rædsla for alle som er ikring honom.