Jeremias bok 32:29
Og kaldæarane, som strider mot denne byen, skal koma og setja eld på denne byen og brenna honom med dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt Ba’al og rent ut drykkoffer for andre gudar til å harma meg med.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 36:19Dei brende upp Guds hus og reiv ned Jerusalems-muren, brende upp alle slotti der og øydelagde alle dei dyrverdige tingi som fanst der.
Isaiah 64:10Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre deg lova, hev vorte uppbrent med eld, og all vår hugnad hev vorte grushaugar.
Jeremiah 7:18Borni sankar i hop ved, og federne kveikjer elden, og kvinnorne knodar deig til å laga kakor åt himmeldronningi, og drykkoffer renner dei ut for andre gudar, til å gjera det leidt for meg.
Jeremiah 19:13Og husi i Jerusalem og husi åt Juda-kongarne skal verta som Tofetstaden, ureine som dei er, alle dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt heile himmelheren og rent ut drykkoffer åt framande gudar.»
Jeremiah 27:8Og det folket og det riket som ikkje vil tena honom, Nebukadnessar, Babel-kongen, og som ikkje vil bøygja halsen sin under Babel-kongens ok, det folket vil eg heimsøkja med sverd og svolt og sott, segjer Herren, til eg hev gjort ende på deim ved hans hand.
Jeremiah 37:7So segjer Herren, Israels Gud: So skal de segja til Juda-kongen, som sende dykk av stad til å spyrja meg: Sjå, Faraos her, som er faren ut til å hjelpa dykk, vil snu um att til landet sitt, til Egyptarland.