Jeremias bok 32:30
For Israels born og Judas born hev berre gjort det som vondt er framfor augo mine, alt frå si ungdomstid, ja, Israels born hev berre harma meg med dei verk deira hender hev gjort, segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 8:21Og Herren kjende den gode gimen, og Herren sagde i sitt hjarta: «Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt, alt ifrå ungdomen. Og eg vil aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde.
Deuteronomy 9:22I Tabera og Massa og Kibrot-Hatta’ava harma de og Herren.
Nehemiah 9:16Men federne våre, dei var kante og hardnakka, og lydde ikkje bodi dine.
Isaiah 63:10Men dei var stride og harma hans heilage ande, då gjordest han um til fiend’, sjølv stridde han mot deim.
Jeremiah 3:25Lat oss då liggja i vår skjemd, og lat skammi vår breida seg yver oss! For mot Herren, vår Gud, hev me synda, me og federne våre, alt frå ungdom og til denne dag, og me hev ikkje lydt Herren, vår Guds, røyst.
Jeremiah 8:19Sjå, naudropi frå dotteri, folket mitt, ljomar frå eit land langt burte: «Er då ikkje Herren i Sion? eller er ikkje kongen hennar der?» - Kvi hev dei harma meg med gudebilæti sine, med fåfenglege framande gudar?