Jeremias bok 35:4
og hadde deim med til Herrens hus, inn i koven åt sønerne til gudsmannen Hanan Jigdaljason, den som låg jamsides med hovdingkoven, uppe yver koven åt dørstokkvaktaren Ma’aseja Sallumsson.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 33:1Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-sønerne fyrr han døydde.
1 Samuel 2:27Ein gudsmann kom då til Eli og sagde til honom: «So segjer Herren: «For farsætti di openberra eg meg den tid dei var i Egyptarland og træla for Faraos hus.
1 Kings 12:22Men då kom Guds ord til gudsmannen Semaja soleis:
1 Kings 13:26Då profeten som hadde fenge honom attende frå vegen, høyrde det, sagde han: «Det er gudsmannen som var motstridig imot Herrens ord; difor hev Herren gjeve honom løva i vald, og ho hev rive honom sund og drepe honom, etter det ord som Herren hadde tala til honom.»
1 Kings 17:24Då sagde kvinna til Elia: «No veit eg at du er ein gudsmann, og at Herrens ord i din munn er sanning.»
2 Kings 1:9So sende han ein femtimanns-førar med sine femti mann til honom. Han kom upp til honom der han sat øvst på fjellet, og ropa til honom: «Du gudsmann, kongen byd deg koma ned!»