Jeremias bok 40:5
Men då han drygde med heimferdi, sagde han: «Du må gjerne fara til Gedalja, son åt Ahikam Safansson, som Babel-kongen hev sett yver Juda-byarne, og ver med honom millom folket, eller gakk kvar du synest det er rett å ganga!» Og hovdingen for livvakti gav honom nistemat og gåvor og let honom fara.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 22:12Og kongen baud presten Hilkia og Ahikam Safansson og Akbor Mikajason og riksskrivaren Safan og kongstenaren Asaja:
2 Kings 25:22Babel-kongen Nebukadnessar sette Gedalja, son åt Ahikam Safansson, til jarl yver det folket som var att i Judalandet, dei som han let vera att.
Ezra 7:6Ezra var ein skriftlærd mann, vel kjend i Moselovi, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav honom alt det han bad um; for Herren hans Gud heldt handi si yver honom.
Nehemiah 1:11Å Herre, lat øyra ditt agta på bøni frå tenaren din og bøni frå tenarane dine, dei som gjerne vil ottast ditt namn. Å, lat tenaren din hava lukka med seg i dag; lat meg finna medhug hjå denne mannen!» - Eg var den gongen skjenkjar hjå kongen.
Job 22:29Gjeng vegen ned, du ropar: «Upp!» Han hjelpar den bljug-øygde mann.
Proverbs 21:1Konungs hjarta er i Herrens hand som bekkjer, han vender det kvar helst han vil.