Jeremias bok 44:12
Og eg vil taka deim som er leivde etter Juda, deim som heldt stemneleidi til Egyptarlandet og for dit og vilde bu der. Og dei skal alle setja til, i Egyptarlandet skal dei falla; for sverd, av svolt skal dei setja til, både små og store; for sverd og av svolt skal dei døy. Og dei skal verta til ein eid, til ei skræma og til ei våbøn og til ei hæding.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 65:15Dykkar namn skal de lata etter til ein eid for mine utvalde. «So drepe deg Herren, Herren!» Men tenaran sine skal han gjeva eit anna namn.
Jeremiah 24:9Og eg vil gjera deim til ei skræma og ein stygg for alle riki på jordi, til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei våbøn på alle dei stader som eg driv deim burt til.
Jeremiah 29:22Og etter deim skal dei laga ei våbøn, alle dei burtførde or Juda som er i Babel, og segja: «Herren gjere med deg likeins som med Sidkia og Ahab, som Babel-kongen steikte i elden!»
Jeremiah 42:22Og vita skal de no, at de lyt døy for sverd, av svolt og i sott på den staden som de stundar etter å koma til so de kunde bu der.
Jeremiah 44:7Og no, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Kvi gjer de so stort eit tjon på dykk sjølve, so mann og kvinna, barn og brjostbarn vert utrudde for dykk midt ut or Juda, so de ikkje vert att ein leivning av dykk -
Hosea 9:6For de skal vita at um dei slepp undan avøydingi, so vert det Egyptarlandet som samlar deim, Mof som fær å jorda deim. Sylvet deira, det dyre, skal netlor eiga, tistel veksa i tjeldbuderne deira.