Jeremias bok 44:3
for vondskapen deira so dei for med til å harma meg med, med di dei gjekk og brende røykjelse og tente andre gudar som dei ikkje kjende, korkje dei eller de eller federne dykkar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 29:25Og dei fær til svar: «Det var av di dei braut pakti som Herren, fedreguden deira, gjorde med deim då han henta deim ut or Egyptarlandet,
Deuteronomy 32:17Dei blota til vonde vette, til gudar dei vankjende fyrr, nye og nyst uppkomne, som federne ikkje visst’ um.
Nehemiah 9:33Du er rettferdig i alt det som hev kome yver oss. Du hev synt deg trufast. Me hev fare ugudleg åt.
Jeremiah 4:17Likeins som markevaktarar sit dei og gjæter på henne rundt ikring; for mot meg hev ho vore tråssug, segjer Herren.
Jeremiah 5:29Skulde eg ikkje heimsøkja for slikt, segjer Herren, eller skulde mi sjæl ikkje hemna seg på eit sovore folk?
Jeremiah 9:12Kven er so vis ein mann at han skynar dette, og kven hev Herrens munn tala til, so han kann kunngjera dette: Kvifor landet er i øyde lagt, avsvide som ei øydemark der ingen fer framum?