Jeremias bok 51:24
Men no gjev eg Babel og alle som bur i Kaldæa lika for alt vondt som dei hev gjort Sion, framfor augo dykkar, segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 137:8Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss!
Isaiah 51:22So segjer herren din, Herren, din Gud som forsvarer sitt folk: No tek eg tumleskåli or handi på deg, mitt vreide-staup skal du ikkje tøma meir.
Isaiah 63:1Kven er dette som kjem frå Edom, frå Bosra i raude klæde, so brikjen i bunaden sin, so staut i si store kraft? «Det er eg, eg som talar rettferd, som er megtig til å frelsa.»
Jeremiah 50:15Set i herrop mot henne, rundt ikring: «Ho laut gjeva seg; falne er hennar pilarar, nedrivne hennar murar.» For det er Herrens hemn. Hemn dykk på henne! Gjer med henne likeins som ho hev gjort!
Jeremiah 50:28Høyr omen av deim som flyr og kjem seg undan frå Babellandet til å forkynna i Sion at Herren, vår Gud hemner, hemner for templet sitt!
Jeremiah 51:11Kvet pilerne blanke, grip skjoldarne! Herren hev vekt upp åndi til kongen i Media; for mot Babel hev han vendt sine tankar til å øydeleggja henne; for det er Herrens hemn, hemnen for templet hans.