Jeremias bok 51:25
Sjå, eg kjem yver deg, du Tynefjell, segjer Herren, du som tyner all jordi; og eg vil retta ut handi ut imot deg og velta deg ned frå hamrarne og gjera deg til eit forbrent fjell.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 11:4So sagde dei: «Kom, lat oss byggja oss ein by, med eit tårn som når upp i himmelen, og gjera oss namngjetne, so me ikkje vert spreidde utyver all jordi!»
Jeremiah 25:9sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.
Jeremiah 25:18Jerusalem og byarne i Juda og kongarne og hovdingarne der, for å gjera deim til audn og øyda, til ei spott og til ei våbøn - so som det er den dag i dag -
Jeremiah 51:7Eit gullstaup i Herrens hand var Babel, som gjorde all jordi drukki; av vinen hennar drakk folki, difor vart folki reint rasande.
Jeremiah 51:53Um so Babel vil hevja seg til himmelen, og um ho gjer si høge festning u-klivande, so skal frå meg tynarar koma yver henne, segjer Herren.
Daniel 4:30Då tok kongen til ords og sagde: «Sjå, dette er det store Babel, som eg hev bygt til kongssæte med mi velduge magt, min herlegdom til æra!»