Jeremias bok 6:23
Um boge og spjot held dei traust, illharde er dei og syner ikkje miskunn. Røysti deira marmar som havet, og på hestar kjem dei ridande, budde som menner til strid mot deg, du dotter Sion.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
22So segjer Herren: Sjå, eit folk kjem frå Norderlandet, ei stor tjod ris upp frå utkanten av jordi.
Cross References
Isaiah 5:30Det durar inn yver honom på den dagen som duren av havet; og skodar han på jordi, so er det myrker og naud, ljoset vert dimt under dei tunge skyer!
Isaiah 19:4Men eg skal gjeva egyptarane i handi på ein hard herre, og ein illrådig konge skal rikja yver deim, segjer Herren, Allhers-Herren.
Jeremiah 4:16Lat folki få vita det, sjå til og lat Jerusalem få høyra det; umlægringsmenner kjem frå eit land langt undan og set i og ropar mot byarne i Juda.
Jeremiah 5:16Deira pilehus er som ei opi grav, alle saman er dei kjempor.
Jeremiah 25:32So segjer Herren, allhers drott: Sjå, ei ulukka gjeng ut frå folk til folk, og eit brotver kjem frå dei ytste endarne av jordi.
Jeremiah 50:41Sjå, eit folk kjem nordanfrå, eit stort folk og velduge kongar ris upp frå utkantarne på jordi.