Jeremias bok 8:10
Difor vil eg gjeva konorne deira til andre, jorderne deira åt landvinnarar. For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning, både profet og prest, alle saman fer dei med svik.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 28:7Men ogso desse ragar av vin og skjanglar av sterk drykk. Prest og profet ragar av sterk drykk, er dauddrukne av vin, skjanglar av sterk drykk. Dei ragar i syni, dei skjanglar i domen;
Jeremiah 5:31Profetarne spår lygn, og prestarne er strenge herrar etter deira råd, og lyden min likar det. Men kva vil de gjera når enden på dette kjem?
Jeremiah 14:14Då sagde Herren med meg: Lygn spår profetarne i mitt namn; ikkje hev eg sendt deim og ikkje bede deim og ikkje tala til deim; lygn-syner og runing og fåfengd og sitt hjartans svik, det er det dei spår åt dykk.
Jeremiah 23:11For både profet og prest er gudlause, jamvel i huset mitt hev eg funne vondskapen deira, segjer Herren.
Jeremiah 32:32for all vondskapen som Israels born og Judas born hev gjort til å harma meg med, dei sjølve, deira kongar, deira hovdingar, deira prestar og deira profetar, Juda-menner og Jerusalems-buar.
Ezekiel 22:27Fyrstarne deira er som vargar, ranande ran - med å renna ut blod, med å tyna sjæler, so dei kann auka syndepengarne sine.