Jeremias bok 8:9
Dei vise vert til skammar, dei vert tekne av ræddhug og rådløysa. Sjå, Herrens ord hev dei vanda; kvar skulde dei då hava visdom ifrå?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 4:6So ber deim i hugen, og liv etter deim! Då fær de ord for visdom og klokskap hjå alle folkeslag; når dei høyrer um alle desse bodi, kjem dei til å segja: «For eit vist og vitugt folk det må vera, dette store folket!»
Job 5:13som fangar vismann i hans vit, so listig råd forrenner seg.
Psalms 119:98Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim.
Isaiah 19:11Hovdingarne i Soan er som fåmar; dei visaste millom rådsmennerne åt Farao gjev berre fåvise råd. Korleis kann de då segja til Farao: «Eg er ein son åt vismenner, ein son åt kongarne frå gamle dagar?»
Jeremiah 2:8Prestane sagde ikkje: «Kvar er Herren?» Og dei som handsama lovi, kjende meg ikkje, og hyrdingarne fall ifrå meg. Og profetarne spådde ved Ba’al, og etter gagnlause gudar gjekk dei.
Jeremiah 6:19Høyr det, du jord: sjå, eg fører ulukka yver dette folk - den grøda deira løynderåder hev bore - for dei hev ikkje gjeve gaum etter mine ord, og loverne mine mismætte dei.