Jeremias bok 8:4
Og du skal segja med deim: So segjer Herren: Dett ein og stend ikkje upp att? eller gjeng ein burt og snur ikkje um att?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 8:38kvar gong det då stig upp ei bøn eller ei audmjuk påkalling frå eit menneskje i heile folket ditt, Israel, som kjenner sitt hjarte-mein og rettar ut henderne sine mot dette huset,
Isaiah 44:22Eg hev stroke burt dine brot som ei skodda, og synderne dine som ei sky; vend um til meg, for eg hev løyst deg ut.
Jeremiah 3:1Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå honom og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.
Jeremiah 4:1Um du vender um, Israel, segjer Herren, då skal du få venda attende til meg, og um du hev dine styggjor burt frå mi åsyn, skal du ikkje ljota liva i fredløysa.
Jeremiah 36:3Kann henda Judas hus vil lyda på all den ulukka som eg tenkjer å gjera deim, so dei kann venda um, kvar og ein frå sin vonde veg, og eg kann få tilgjeva deim deira misgjerning og synd.
Hosea 6:1«Kom, lat oss venda um til Herren! For det er han som hev såra, og han vil lækja oss. Han slo, men vil og fetla oss.