Evangeliet etter Johannes 20:17
«Kom ikkje nær meg!» segjer Jesus; «for endå hev eg ikkje fare upp til far min. Men gakk til brørne mine, og seg deim frå meg: No fer eg upp til honom som er min Fader og dykkar Fader, og min Gud og dykkar Gud!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Evangeliet etter Johannes 20
Cross References
2 Kings 4:29Han baud då Gehazi: «Gjer deg reidug, tak staven min i handi, og gakk av stad. Um einkvan møter deg, so helsa ikkje på honom! um einkvan helsar på deg, so svara honom ikkje! Og legg so staven på andlitet til vesleguten!»
Psalms 22:22Frels meg frå løvegap, og frå villukse-horn - du bønhøyrer meg!
Psalms 48:14Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar hallar, so de kann fortelja um det til den komande ætt. For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.
Psalms 89:26Eg vil leggja hans hand på havet og hans høgre hand på elvarne.
Jeremiah 31:33Men dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil leggja lovi mi inni deim, og skriva henne i hjarta deira, og eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.
Ezekiel 36:28Og de skal bu i det landet som eg gav federne dykkar. Og de skal vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.