Evangeliet etter Johannes 21:15
Som dei no hadde ete morgonverden, segjer Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svarar han; «du veit at eg held av deg.» «Fød lambi mine!» segjer Jesus.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Evangeliet etter Johannes 21
Cross References
Genesis 33:13Men Jakob sagde: «Du veit, herre bror, at borni ikkje toler mykje, og eg hev lambsøyor og nybære kyr å taka vare på. Driv ein deim for hardt, um det berre er ein dag, so døyr heile buskapen.
2 Kings 20:3«Å Herre, kom i hug kor eg hev ferdast ærleg og heilhjarta for di åsyn og gjort det som godt var i dine augo!» Og Hizkia sette i og storgret.
Isaiah 40:11Som hyrding gjæter buskap sin, han sankar deim i armen, smålambi ber ved barmen, og leider møderne vart og lint.
Jeremiah 23:4Og eg vil setja hyrdingar yver deim, og dei skal gjæta deim. Og dei skal ikkje lenger ræddast eller taka fæla, og ingen av deim skal verta sakna, segjer Herren.
Ezekiel 34:23Og eg vil reisa upp ein einaste hyrding yver deim, og han skal gjæta deim, min tenar David. Han skal gjæta deim, og han skal vera deira hyrding.
Matthew 10:37Den som hev far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg, og den som hev son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg,