John 21:17
So segjer han til honom tridje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det leidt at han spurde honom tridje gongen: «Held du av meg?» Han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg held av deg.» Jesus segjer til han: «Fød sauerne mine!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 17:18Då sagde ho til Elia: «Kva hev du, gudsmann, å gjera hjå meg? Du er komen til meg for å draga synda mi fram i minnet, so son min måtte døy.»
1 Chronicles 29:17Og eg veit, min Gud, at du ransakar hjarto og hev hugnad i det som rett er. Med ærlegt hjarta hev eg bore fram alle desse gåvorne sjølvviljugt, og no hev eg set med gleda korleis folket ditt, som her stend, hev sjølvviljugt bore fram åt deg gåvorne sine.
Psalms 7:8Og lat ei samling av folkeslag standa rundt ikring deg, og far upp att yver deim til det høge!
Jeremiah 17:10Eg, Herren, ransakar hjarta og røyner nyro, og gjev so kvar og ein etter hans veg, etter frukti av hans gjerning.
Matthew 25:40Og kongen svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.»
Mark 14:72Og i det same gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det ordet som Jesus hadde sagt til honom: Fyrr hanen hev gale tvo gonger, skal du avneitta meg tri gonger. Og han tok det til hjarta og gret.