Evangeliet etter Johannes 3:29
Det er brudgomen som hev bruri; men belesveinen, som stend innmed og lyder på brudgomen, gleder seg hjarteleg når han høyrer målet hans. Slik gleda hev eg no fenge, og det i fullt mål.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
28De er sjølve vitni mine at eg sagde: «Eg er ikkje Messias,» men: «Eg er send fyre honom.»
30Han lyt veksa, eg lyt minka.
Read all of Evangeliet etter Johannes 3
Cross References
Judges 14:10Då far hans kom ned til bruri, gjorde Samson eit gjestebod der, som dei unge mennerne hadde for vis.
Song of Solomon 3:11Gakk ut og sjå, de Sions døtter, på kong Salomo, med kruna han fekk av si mor på sin brudlaupsdag, på sin hjarte-fagnads dag.»
Song of Solomon 5:1«Ja, eg kjem til min hage, mi syster, mi brur, min myrra og balsam eg plukkar, mitt brød og min honning eg et og drikk min vin og mi mjølk. Ete lagsbrør, drikk dykkar nøgd, vener.»
Isaiah 62:4Du skal ikkje heita «den forlatne» lenger, og ditt land ikkje heita «øydeland», men du skal heita «ho eg hev huglagt», og landet ditt «egtevivet»; for Herren hev hugnad i deg, og landet ditt skal verta egtevigt.
Jeremiah 2:2Gakk av stad og ropa ut for Jerusalems øyro: So segjer Herren: Eg kjem deg i hug for din elskhug i din ungdom, din kjærleik i dine festarmålsdagar, kor du fylgde meg i øydemarki, i eit land der dei inkje sår.
Hosea 2:19Og eg vil trulova meg med deg til æveleg tid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn.