John 4:21
Jesus segjer til henne: «Tru meg, kvinna; det kjem ei tid då de ikkje skal tilbeda Faderen på dette fjellet og ikkje i Jerusalem heller.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
22De tilbed det de ikkje kjenner, me tilbed det me kjenner; for frelsa kjem frå jødarne.
Cross References
Ezekiel 14:3Menneskjeson! Desse mennerne hev teke dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og det som er støytestein og fører deim til misgjerning, hev dei sett framfor si åsyn: skulde eg lata deim spyrja meg?
Malachi 1:11For frå solekoma til soleglad er mitt namn stort millom folki, og på kvar ein stad vert det frembore røykoffer åt namnet mitt og rein offergåva; for namnet mitt er stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers drott.
Matthew 28:19Gakk då ut, og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper deim til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande,
Luke 21:24Dei skal falla for sverdseggi og førast hertekne burt til alle heidningfolk, og Jerusalem skal heidningarne trøda under fot, til heidningtidi er ute.
John 5:25Det segjer eg dykk for visst og sant: Det kjem ei tid, ja, ho hev alt kome, då dei daude skal høyra røysti åt Guds Son, og dei som lyder på henne, skal liva.
John 14:6Jesus svarar: «Eg er vegen og sanningi og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjenom meg;