Josvas bok 24:20
Fell de frå Herren og tener framande gudar, då kjem han til å taka ei onnor leid, og lata det ganga dykk ille og gjera ende på dykk, kor mykje godt han fyrr hev gjort dykk.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
21«Jau, me vil tena Herren,» svara folket.
Cross References
1 Samuel 12:25Men gjer de det som vondt er, so er det ute både med dykk og kongen dykkar.»
1 Chronicles 28:9Og du Salomo, son min, lær å kjenna far din’s Gud, og å tena honom med heilt hjarta og viljug sjæl! For Herren ransakar alle hjarto og skynar alt det som rører seg i tankarne. Um du søkjer Herren, so let han deg finna honom; men vender du deg frå honom, so støyter han deg frå seg for æveleg.
Ezra 8:22Eg skjemdest å beda kongen um herhjelp og ridarar til å verja oss mot uvener på vegen; for me hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si hand yver alle deim som heldt seg til honom, og let det ganga vel for deim; men hans magt og vreide fell yver deim som gjeng frå honom.»
Isaiah 1:28Men undergang skal råka alle illgjerdsmenner og syndarar; og dei som vender seg frå Herren, skal ganga til grunnar.
Isaiah 65:11Men de som gjeng burt ifrå Herren, de som gløymer mitt heilage fjell, de som dukar bord for Gad og blandar drykk for Meni,
Ezekiel 18:24Men når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, alle slike styggjor som den ugudlege gjer, skulde han gjera det og liva? All hans rettferd som han gjorde, skal verta gløymd. For den truløysa han for med, for det skal han døy.