Josvas bok 6:2
Men Herren sagde til Josva: «Sjå no gjev eg Jeriko i dine hender, med kongen og kjemporne hans!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Lat alt herfolket ganga rundt ikring byen ei venda um dagen; so skal du gjera i seks dagar;
Cross References
Joshua 2:9og sagde til deim: «Eg veit at Herren hev gjeve dykk dette landet. For dykkar skuld hev det kome ein otte yver oss, og alle som bur her i landet, er so rædde dykk at dei skjelv.
Joshua 5:13Då Josva var innmed Jeriko, hende det honom noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre honom med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sagde: «Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?»
Joshua 8:1So sagde Herren til Josva: «Ottast ikkje og ver ikkje rædd! Tak med deg alt stridsfolket, og gjer deg reidug og far upp mot Aj! For no vil eg gjeva Aj-kongen i dine hender, og folket og byen og landet hans,
Joshua 12:9det var: Kongen i Jeriko, ein, kongen i Aj, som ligg tett med Betel, ein,
Judges 11:21Og Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile heren hans i Israels hender; Israel slo deim, og lagde under seg alle amoritarbygderne der i landet;
2 Samuel 5:19Då gjorde David det spursmålet til Herren: «Skal eg draga upp mot filistarane? Vil du gjeva deim i mi hand?» Herren svara David: «Drag upp, eg vil gjeva filistarane i di hand.»