Josvas bok 2:9
og sagde til deim: «Eg veit at Herren hev gjeve dykk dette landet. For dykkar skuld hev det kome ein otte yver oss, og alle som bur her i landet, er so rædde dykk at dei skjelv.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8Fyrr ferdamennerne hadde lagt seg til å sova, kom Rahab upp på taket
Cross References
Genesis 15:18Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sagde: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi,
Exodus 3:6Og han sagde: «Eg er far din’s Gud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då løynde Moses andlitet sitt, for han torde ikkje sjå på Gud.
Exodus 15:16Rædsla kjem på deim og rygd; når dei augnar din velduge arm, då tegjer dei stilt som ein stein, medan folket ditt, Herre, fer fram, med det folket fer fram som du vann deg.
Exodus 23:27Fælska for meg skal eg senda fyre deg; alle dei folki du kjem til, skal eg forvilla; eg skal laga det so at alle fiendarne dine syner deg ryggen.
Deuteronomy 11:25Ingen skal kunna standa seg imot deg; otte for deg og rædsla skal koma yver kvart land du stig på med foten din, soleis som Herren hev sagt deg.
Deuteronomy 32:8Då den Høgste skifte ut heimen, og gav folki eiga og arv, då manneborni vart skilde og spreidde til kvar sin stad, då laga han landskili etter talet på Israels lyd;