Josvas bok 7:25
Og Josva sagde til honom: «Kvi førde du slik ulukka yver oss? I dag skal Herren føra ulukka yver deg!» So tok heile Israel og steina honom i hel og brende og steina alt som høyrde honom til.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 38:24So var det på lag tri månader etter, då kom dei og sagde med Juda: «Tamar, sonekona di, hev lagt seg burt, so ho jamvel hev vorte med barn.» Då sagde Juda: «Leid henne ut! Ho skal brennast.»
Leviticus 20:14Tek nokon både mor og dotter til kona, so er det blodskam; dei skal brennast på bål, både han og dei; sovori sedløysa må ikkje finnast hjå dykk;
Leviticus 24:14«Før spottaren ut or lægret, og alle dei som høyrde på det, skal leggja henderne på hovudet hans, og heile lyden skal steina honom.
Deuteronomy 13:11Og heile Israel skal høyra det og ræddast, so det aldri meir vert gjort so stygg ei synd millom dykk.
Deuteronomy 21:21Då skal alle mennerne i byen steina honom i hel. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden. Og det skal spyrjast yver heile Israel, so alle vert ottefulle.
Joshua 6:18Agta no de dykk berre for det som er vigt, so de ikkje fyrst vigjer og sidan tek av det vigde, og soleis fører forbanning og ulukka yver Israels-lægret.