Josvas bok 8:33
Og heile Israel, både sjølve folket og dei framande, med styresmennerne og formennerne og domarane sine, stod på båe sidor av sambandskista, midt imot Levi-prestarne som bar Herrens kista, den eine helvti uppunder Garizimfjellet og den andre helvti uppunder Ebalfjellet, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt at Israels-sønerne skulde standa når dei fekk velsigningi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 12:49Det skal gjelda same lovi for deim som er fødde og alne i landet og for dei framande som held til hjå dykk.»
Numbers 15:15Det gjeld same retten for heile lyden, for dykk sjølve so vel som for dei framande som bur i landet dykkar; det er ei lov som skal gjelda for alle tider at dei framande skal vera som de sjølve for Herrens åsyn.
Numbers 15:29Dette gjeld både for den som er fødd og boren millom Israels-folket og for den framande som bur millom deim. Det gjeld same retten for dykk alle, når de uviljande gjer noko gale.
Deuteronomy 27:11Og same dagen sagde Moses til folket:
Deuteronomy 29:10Her stend de i dag alle framfor Herrens åsyn, hovdingarne dykkar, ætterne, styresmennerne og formennerne, kvar mann i Israel,
Deuteronomy 31:12Heile folket skal de kalla i hop, både menner og kvende og born og dei framande som bur innan portane dykkar, so dei fær høyra lovi og kann læra å ottast Herren, dykkar Gud, og koma i hug å halda alle desse bodi.