Femte Mosebok 31:12
Heile folket skal de kalla i hop, både menner og kvende og born og dei framande som bur innan portane dykkar, so dei fær høyra lovi og kann læra å ottast Herren, dykkar Gud, og koma i hug å halda alle desse bodi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 4:10Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.»
Deuteronomy 29:9So kom då i hug å halda dykk etter kvart ord i denne pakti, so de fer visleg åt i alt det de gjer!
Joshua 8:33Og heile Israel, både sjølve folket og dei framande, med styresmennerne og formennerne og domarane sine, stod på båe sidor av sambandskista, midt imot Levi-prestarne som bar Herrens kista, den eine helvti uppunder Garizimfjellet og den andre helvti uppunder Ebalfjellet, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt at Israels-sønerne skulde standa når dei fekk velsigningi.
Ezra 10:1Ezra låg på marki framfyre gudshuset og gret og bad og sanna synderne. Då samla det seg kring honom ein ovstor skare av Israels folk, karar og kvinnor og born, og folket gret sårt.
Psalms 34:11Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, deim vantar det inkje godt.
2 Timothy 3:15og då du alt frå barndomen kjenner dei heilage skrifter som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus.