Josvas bok 8:35
Det fanst ikkje eit ord av alt det Moses hadde sagt fyre, utan Josva las det upp for heile Israels-lyden med både kvinnor og born, og for dei framande som fylgdest med deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 4:2De skal ingen ting leggja attåt det som eg segjer dykk fyre, og ingen ting taka ifrå, men lyda Herrens bod, som eg no ber fram for dykk.
Deuteronomy 29:10Her stend de i dag alle framfor Herrens åsyn, hovdingarne dykkar, ætterne, styresmennerne og formennerne, kvar mann i Israel,
Deuteronomy 31:12Heile folket skal de kalla i hop, både menner og kvende og born og dei framande som bur innan portane dykkar, so dei fær høyra lovi og kann læra å ottast Herren, dykkar Gud, og koma i hug å halda alle desse bodi.
Nehemiah 8:2Då bar presten Ezra lovi fram for lyden, for menner og kvinnor og alle som kunde skyna det dei høyrde. Det var fyrste dagen i sjuande månaden.
Jeremiah 26:2So segjer Herren: Gakk i fyregarden til Herrens hus og tala mot Juda-byarne som kjem og tilbed i Herrens hus, tala alle dei ordi som eg hev bode deg å tala til deim! Tak ikkje undan eit einaste ord!
Mark 10:14Då Jesus såg det, vart han harm og sagde til deim: «Lat småborni koma til meg; hindra deim ikkje! for Guds rike høyrer slike til.