Domarane 1:16
Etterkomarane etter keniten, verbror åt Moses, for med Juda-sønerne frå Palmestaden upp til Judaheidi som ligg sunnanfor Arad, og vart buande der saman med folket.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 4:18So gjekk Moses, og då han kom heim att til Jetro, verfar sin, sagde han med honom: «Kjære deg, lat meg fara attende til skyldfolket mitt i Egyptarland, og sjå um dei liver endå.» Og Jetro svara: «Far i fred!»
Exodus 18:7Då gjekk Moses til møtes med verfar sin, og bøygde seg for honom, og kysste honom, og dei spurde einannan korleis til stod. So gjekk dei inn i tjeldbudi,
Exodus 18:14Då no verfar hans såg alt det han hadde å gjera for deim, so sagde han: «Kva er dette for eit arbeid du legg på deg for folket? Kvi sit du domar åleine, og let heile ålmugen standa uppyver deg frå morgon til kveld?»
Numbers 10:29sagde Moses til Hobab, son åt Re’uel frå Midjan, verfar hans Moses: «No tek me på vegen til det landet som Herren hev sagt han vil gjeva oss. Kom og ver med oss, so skal me gjera vel mot deg; for Herren hev lova Israel mykje godt.»
Numbers 21:1Då den kananitiske kongen som budde i Arad i Sudlandet, høyrde at Israel kom farande etter ålmannvegen, tok han på deim, og fanga nokre av deim.
Deuteronomy 34:3og Sudlandet og Jordan-kverven, dalen kring Jeriko, som dei kallar Palmebyen, alt til Soar;