Domarane 11:26
No er det tri hundrad år sidan Israel busette seg i Hesbon og dei bygderne som ligg umkring, og i Aroer, og bygdarne der umkring og i alle byarne langsmed Arnon; kvi hev de’kje teke deim att i all den tidi?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 2:24«Gjer dykk reiduge,» sagde Herren; «far i veg, og set yver Arnonåi! Eg gjev Sihon, amoriten, kongen i Hesbon, og landet hans i dine hender. Tak til med å slå det under deg, og gjev deg i strid med honom!
Deuteronomy 3:2Men Herren sagde til meg: «Du tarv ikkje vera rædd honom. Eg gjev honom i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med honom, som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritarne, som budde i Hesbon.»
Joshua 11:18I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongarne.
Joshua 12:5og rådde yver fjellbygderne kring Hermon, og yver Salka, og yver heile Basan, til landskilet mot gesuritarne og ma’akatitarne, og yver helvti av Gilead, til landskilet mot Sihon, kongen i Hesbon.
Joshua 13:16Dei fekk landet nordanfor Aroer innmed Arnon og byen i dalen, og heile høgsletta kring Medba,
Joshua 23:1Då lang tid var lidi, og Herren hadde late Israel få fred for alle fiendar rundt ikring, og Josva var gamall vorten og ut i åri komen,