Domarane 17:3
So gav han dei elleve hundrad sylvdalarne att til mor si. Då sagde ho: «Desse pengarne vigjer eg no til Herren, og gjev deim frå meg til bate for deg, min son, so du kann gjera eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 20:23De skal ikkje gjera dykk nokon gud attåt meg! Gudar av sylv eller gull skal de ikkje gjera dykk!
Leviticus 19:4De skal ikkje venda dykk til avgudarne, og ikkje gjera dykk støypte gudar! Eg, Herren, er dykkar Gud.
Deuteronomy 27:15«Forbanna vere den som hev ein kunstmann til å gjera seg eit gudebilæte, støypt eller utskore, og set det upp i løynd, det som er ein styggedom for Herren!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»
Judges 18:5«Kjære deg,» sagde dei då, «spør Gud for oss um den ferdi me hev fyre oss, skal lukkast!»
Psalms 115:4Deira avgudar er sylv og gull, eit verk av menneskjehender.
Isaiah 44:9Dei som lagar gudebilæte er alle inkjevetta, og deira kjære gudar kann ikkje hjelpa; deira vitne ser inkje og skynar inkje, difor vert dei til skammar.