Domarane 6:15
«Orsaka, Herre!» svara Gideon. «Korleis kann eg berga Israel? Ætti mi er då den veikaste i Manasse, og sjølv er eg den yngste av folket mitt.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16«Eg skal vera med deg,» sagde Herren, «og du skal slå midjanitarne ned som ein mann.»
Cross References
Genesis 32:10eg er ikkje verd all den miskunn og all den truskap du hev vist imot tenaren din; for med stav i hand gjekk eg yver denne Jordanelvi, og no er eg vorten til tvo store hopar.
Exodus 4:10Men Moses sagde til Herren: «Orsaka meg, Herre! Eg hev aldri vore nokon munnfør mann, korkje fyrr, eller sidan du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt, og eg er taugmælt.»
1 Samuel 9:21Saul svara: «Er ikkje eg benjaminit, av den minste ætti i Israel? og mi ættgrein er den ringaste av alle Benjamins-ætterne. Kvifor talar du soleis med meg?»
Jeremiah 1:6Men eg sagde: «Å, Herre, Herre! Sjå, eg kann ikkje med å tala, for eg er so ung.»
Micah 5:2Difor gjev han deim yver i ulukka til den tid då ho som skal føda, hev født. Då skal leivningen av brørne hans snu heim att til Israels søner.
1 Corinthians 15:9For eg er den ringaste av apostlarne, og er ikkje verdig til å heita apostel, av di eg forfylgde Guds kyrkja.