Domarane 7:11
Då fær du høyra kva dei talar um, og sidan kjem du til å kjenna deg so sterk, at du torer taka på lægret.» So gjekk han og Pura, sveinen hans, ned til forpostarne i lægret.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10Er du rædd, so gakk fyrst ned med Pura, sveinen din!
Cross References
Genesis 24:14Lat det då vera so, at den møyi som eg segjer dette med: «Kjære væne, halla på krukka di, og lat meg få drikka!» og som svarar: «Drikk du, og kamelarne dine skal eg og gjeva drikka!» - at ho er den du hev etla åt Isak, tenaren din, og på det skal eg skyna at du vil gjera vel mot husbonden min!»
Judges 7:13Då Gideon kom, var der ein som fortalde felagen sin ein draum: «No skal du høyra kva eg hev drøymt!», sagde han: «Eg tykte eg såg ei byggkaka kom trillande inn i Midjans-lægret, og då ho kom til tjeldet, skuva ho til det, so det rulla i koll, og der låg det.»
1 Samuel 14:12Og utpostkararne ropa til Jonatan og våpnsveinen hans: «Kom hit upp til oss, so skal de få full greida!» Jonatan sagde med våpnsveinen: «Fylg meg! Herren hev gjeve deim i Israels hand.»
Ezra 6:22Og dei heldt søtebrødhelgi i sju dagar med fagnad. Herren sjølv hadde gjort deim glade, med di han hadde snutt hjarta åt assyrarkongen til deim, so han var med og studde deim i arbeidet på huset åt Gud, Israels Gud.
Isaiah 35:3Styrk dei valne hender og gjer dei skjelvande kne sterke!
Ephesians 3:16at han etter rikdomen av sin herlegdom må gjeva dykk å verta styrkte med kraft ved hans Ande i dykkar indre menneskje,