Domarane 9:27
Dei gjekk ut på marki, og hausta vinhagarne sine og persa druvorne; so heldt dei takkehøgtid, og gjekk inn i templet åt guden sin, og åt og drakk og banna Abimelek.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 32:6Dagen etter reis folket upp i otta, og ofra brennoffer, og bar fram takkoffer; sidan sette dei seg til å eta og drikka, og stod so upp att og gav seg til å leika.
Leviticus 24:11Og son til den israelitiske kona - ho heitte Sjelomit Dibrisdotter, og var av Dans-ætti - tok til å banna Guds namn og spotta det.
Judges 9:4So gav dei honom sytti lodd sylv av tempelskatten åt Sambands-Ba’al. For deim leigde Abimelek nokre lause uvyrdne karar, og dei fylgde honom kvar han gjekk.
Judges 16:23So kom Filistarfyrstarne i hop, og bar fram eit stort offer for Dagon, guden sin, og heldt fest; «for,» sagde dei, «vår gud hev gjeve Samson, vår uven, i vår magt.»
Psalms 109:17Han elska forbanning, og denne kom yver honom, han lika ikkje velsigning, og denne kom langt burt frå honom.
Isaiah 22:12Herren, Allhers-Herren, kalla på den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa seg i syrgjeklæde.