Evangeliet etter Matteus 13:32
Det er mindre enn alle andre frøkorn; men når det hev vakse upp, er det større enn alle hagevokstrar og vert eit heilt tre, so fuglane i lufti kjem og byggjer reir i greinerne på det.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Evangeliet etter Matteus 13
Cross References
Psalms 72:16Det skal vera ei mengd med korn i landet, på fjelltopparne, grøda skal susa som Libanonskogen, og folk blømer fram i byarne som gras på jordi.
Isaiah 2:2Og det skal verta soleis i dei siste dagar, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera grunnfest på toppen av fjelli, og høgt yver haugarne, og alle folki skal strøyma burt til det.
Ezekiel 31:6På kvistarne hans laga dei seg reir, alle himmelens fuglar, under greinerne hans fødde alle dyr på marki sine ungar, og hans skugge gav livd åt alle dei mange folkeslagi som budde der.
Daniel 2:34Medan du stod og såg på bilætet, vart det lausrive ein stein, men ikkje med mannehender, og den steinen råka bilætet på føterne, som var av jarn og leire, og krasa deim.
Daniel 4:12Det hadde fager lauvklænad, og det bar mykje frukt, so det hadde føde åt alle. Dyri på marki fann skugge under det, og fuglarne under himmelen budde i greinerne på det, og alt kjøt fekk si føda frå det.
Zechariah 4:10For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små, når desse sju med gleda ser blyloddet i Zerubbabels hand, desse Herrens augo som fer ikring yver heile jordi?